13.04.2015

Her kjem litt bilete frå siden sist. Me reiste på camping i påsken, ved River Murray, Australia si lengste elv. Kjempekoselig. Ellers er litt bilete frå den siste tida på skulen og i frå avskjedsfesten med hadde med naboar i går ettermiddag. I dag må eg få pakkinga under kontroll, eg skal henge litt med Charlotte og i kveld skal eg ut å ete med venner. I morgen kveld er eg på flyet på veg heim, og det er sjukt rart, haha. Det skal bli godt, men blir og veldig trist. Snakkes snart heime!



































Sports Day

På onsdag hadde me Sports Day!

Alle på skulen er delt inn i forskjellige farger, så på Sports Day er det fargane som konkurerer mot kvarandre. Folk kler seg ofte ut, eller bare sørger for å ha på noko i fargen sin. Rød vant nok ein gong, og det har dei tydeligvis gjort dei siste 10 åra. 











 

Meget kjekk dag. 

I dag får me besøk av familievenner. Det blir nok og kjekt. Snakkes.

28.02.2015

Litt usikker på om vanskeligheten for å sove i kveld kjem av litt for mange antall koppar kaffi i dag, eller tanken på at dette eventyret snart går mot slutten. Det er i hvertfall alt for seint på kvelden og for å finne ei anna aktivitet enn å refreshe facebook kvart minutt tenkte eg at eg kunne blogge litt.

I dag spurde vmor korleis eg låg an med tid igjen her nede, Countdown Appen på mobilen min viser 44 dager igjen i vakre Australia. Tar du bort påskehelga og helga etterpå som altså er den helga eg sett snuten heimøve, utgjer det 4 (!!!!!) helger igjen! 44 dager høyres forsatt så mykje ut, men når eg ser på antall frie helger eg faktisk har igjen så sett det litt ting i perspektiv. Eg er så misunnelig på Charly, som er på begynnelsen av utvekslingen sin, og som har så masse tid igjen her nede. 

Eg kjenner på meg at nå har eg vore lenge borte, eg er ekstremt språkforvirra, litt sliten av å prøve og ha en fot i to land, og eg tenker på Noreg veldig ofte. Eg gler meg så ufattelig mykje til å kome heim til mitt lille land på ei årstid kor Noreg er finare enn noko anna. Eg gler meg til frost om morgenen og varm sol på dagen, at kveldane blir lysare og lysare. Eg gler meg til å ha en fast jobb å gå til, sprell og festligheter i helgene, og å vere omringa av verdens beste venner. Eg gler meg til skjevå til mor som eg var drøyt lei av før eg reiste, men som høyres himmelsk ut nå som eg har levd på toastskjeva i 8 måneder. Eg ser så fram til Oslotur, 17. Mai, Bulgaria-tur, 18-årsdager, hytteturer etc. 

Samtidig får eg dårleg samvittighet for å tenke så mykje på alt eg ser fram til heime. Eg veit eg kjem til å angre om eg ikkje nyt kvar einaste dag her nede som det er den siste. For før eg veit ordet av det pakker eg ned alle tingene mine, har sannsynligvis alt for mykje overvekt (sorry mor) og er på veg mot airporten for å reise heim. Eg gruer meg sånn! Men ser så fram til når eg står på den andre sida og får sett alle igjen! Utveksling er 1 stk reise av mixed feelings, haha. Når eg reiste i frå Sola i juli visste eg at om 9 måneder kjem eg til å sjå heile gjengen igjen. Denne gongen har eg null garanti for det same. 

Det høyres rart ut å seie at Australia er kvardagen min nå, og det er så rart korleis evne oss menneske har til å tilpasse oss. Men eg har kome til folk som har tatt meg inn i familien sin, i heimen sin, i vennegjengen sin eller i livet sitt generelt, vell vitande om at eg kjem til forlate dei om kort tid. Likevel har dei invitert meg med på ting, blitt godt kjent med meg, vore tolmodige, forklart og lært meg så mykje. For dette er eg takknemlig.

Ein del av meg har SÅ lyst å bare forlenge oppholdet mitt med bare ein liten måned, for det er så mykje i det lille tidsrommet etter at eg har reist som eg går glipp av. Og det er så tungt å høyre venner planlegge ting som du veit at du ikkje kjem til å ta del i. Eg reiser i begynnelsen av høstferien her, og etter ferien skal vennene mine på musikkfestivaler, Year 12 Formal (skuleball) og masse anna kjekt. Hadde det ikkje vore for at eg allerede er blakk og ikkje har lyst å gå glipp av 17. Mai (som er som jul, bursdag, nyttår og fyrverkeri i ett ♥) hadde eg blitt her for alltid, haha. Samtidig er eg veldig klar for å kome meg videre i livet, begynne på lappen, ha en jobb, og å endelig være litt travel igjen. Vennene mine her er i gang med deira siste år på videregåande, og innsatsen dei legg inn nå, har alt og seie for framtida deira. Det kan fort bli litt kjedelig å vere utvekslingsstudenten som bare må bestå skulefaga, og som har veldig mykje fritid. Her er eg veldig glad eg har vsyster Charlotte, rett over gangen, som eg alltid kan brase inn på rommet til og å ha lag med til alle døgnets tider. Det er som å bu i hus med bestevennen sin, og eg kan ikkje sjå føre meg korleis eg skal klare meg heime uten ho i kvardagen.

Dette blei langt, og nå er det kjempeseint. Men ååå utveksling altså, det er så mange mixed feelings at eg har ikkje ord. Eg føler eg har forandra meg på så mange vis, men klarer ikkje sette ord på korleis. Eg trur så absolutt at det er som dei seier at med mindre du har opplevd det, er det vanskelig å sjå føre seg korleis det er. Det er så langt ut i frå komfortsona som du kan gå, og du lærer så mykje verdifult som du kan ta med deg videre (lese meir nynorsk for eksempel, blir litt flau over kor gramatisk ukorrekt denne teksten har blitt). 



Det blir nok eitt par innlegg til før de ser meg igjen heime, men å nyte den siste tida mi igjen her nede blir absolutt førsteprioritering. 

52 dager igjen

Halla kjære blogglesere.

Er blitt ei stund siden sist no. Eg hadde begynt på eit innlegg tidlegare i veka, og trudde eg lagra det som utkast, men tydeligvis ikkje, haha.

Eg er tilbake på skulebenken igjen, og fekk nettopp helg i frå week 4. Det er ganske hardt arbeid i og med at me er year 12's, men eg prøver å minne meg sjølv på at eg bare må bestå, ikkje nødvendigvis få straight A's, hehe. Siden sist har eg gjort mykje kjekt, naboen feira 40-årsdag på stranda, me hadde koalabesøk i gardsrommet, eg har vore på moonlight market, feira Susan og Matthew sin bursdag, eg har fått detention pga for korte sokker, (HAHAHA, koffor er ikkje ankelsokka lov i 40+ !!??)..

Her kjem litt bilete..

Me har fått ny head master på skulen, og hu har tydeligvis ikkje noko betre å gjere på enn å patruljere skulegarden for å finne noko å pirke på, ups. Hu går stort sett under navnet Cruella DeVille, hehe. 











Her hadde me venta på bussen i over ein time, og solsteiken begynte å ta på..









Dette er forresten Charly, ny utvekslingsstudent til heimen i frå Østerrike, eg er nøgd for hu kan hjelpe meg med tyskleksa, hehe. 





Michelle (rett over Charlotte og Matthew) får alltid spørsmål om hu er ein av utvekslingsstudentane, men hu er bare adoptert og bur i nabohuset stakkar, haha. Hu henge rundt i dette huset heila tidå då, so she may as well be a part of the family. 

Nå gidde eg ikkje skriva meir, men livet e gydd og eg har altfor liten tid igjen med denne multikulturelle buketten. 

Skrivest snart.

Gorge Wildlife Park

Eg befinn meg no i hengekøya til nokon venner av familien. Dei er på ferie i 10 dager og eg har tatt på meg jobben som katte- og huspasser i håp om å få litt gryn, hehe. Neida, eg er eigentleg nøgd med berre å få bu her nokre dager, huset er kjempefint, og dei har tidenes panoramautsikt over by og suburbs. Også får eg jo litt kattekos i tillegg ♥ Dei har to stykk, Sparky and Dazzle, så då blir det dobbelkos, wuhu. Sparky hoppa opp i senga mi og ville ha kos klokka 06.30 i morges, det synes eg derimot var unødvendig. 

Torsdag tok John, bror til vfar, oss med til Gorge Wildlife Park. Har vore der før, men det er kjekt å gå igjen.

Fekk halde koala for andre gong, og mata kenguruar, det er alltid like kjekt. Den oppe til venstre er ikkje død forresten, bare en veldig skitten, avslappa albinokenguru, haha. Etter Gorge Wildlife Park, kjørte me til Henley Beach for avslapping og leik på stranda. Vmor og vfar møtte oss med fish 'n' chips på stranda etter jobb, og me blei til etter solnedgang. Trur vmor og John fekk nokre gode bilete frå solnedgangen, men har glømt å få dei tilsendt så det får bli ei anna gong, hehe.







Fredag tok John oss med til town, på ei forestilling. Etter det gjekk me litt rundt før me tok turen til Bombay Bicycle Club, som er ei veldig god indisk restaurant som er done over the top, det var fossefall på do for eksempel, haha. 


John tar oss forresten med mange plasser fordi han er her for to måneder, me har ennå sommerferie mens vmor og vfar er tilbake på jobb, og han har ikkje sett onkelungane sine på 9 år, så kjekt for meg og, haha. 

I morgon starter den siste veka av sommerferien, og 27. januar er eg tilbake på skulebenken igjen, denne gong som senior! Godt å tenkje på at eg berre må bestå faga mine i år, og ikkje stresse med framtidsplaner, vitnemål og universitetsplaner som vennene mine her nede må. 

Uansett, me skrivest snart..

Skogbrann

Sist fredag var det 42 varmegrader og vind, perfekt tilstand for skogbrann. Me såg røyk bak fjella men var ikkje sikre på om det var ein kontrollert skogbrann (for å få ned vegetasjon) eller om det var ein faktisk skogbrann. Det fekk med svar på på lørdagsmorgen, hehe. Vmor kom å banka på døra tidleg morgen, trøytt og forvirra fekk eg beskjed om at eg måtte pakke ein bag med nok klede for eitt par dager + det eg treng av elektriske ting. Dette fordi skogbrannen hadde spredd seg og brant ukontrollert i alle retninger. Brannen befant seg foreløpig bak fjella, men om vinden spredde seg kunne me vere nødt til å evakuere, siden me bur i botn av fjella. Vsøs og eg var klare som ett egg til å evakuere, og håpte me kunne legge oss inn på the Hilton eller noko sånt i byen, haha. Vår suburb, Athelstone, var på "alert" i nokre dager, men me blei (u)heldigvis ikkje nødt til å evakuere. 

 

Fram til onsdag denne veka har det vore rundt 40 grader, så dei har strevd med å stoppe brannen. Onsdag var eg på stranda med Helle, ei av dei norske eg møtte på reisa nedover. På begynnelsen av dagen var det steikande sol og ingen vind. Utover dagen kunne me sjå at gråe skyer nærma seg stranda, og rett før me gjekk heim begynte det å pøsregna, og det har regna cirka non-stop siden då. Noko som var ganske deilig eigentleg, for me var begge ganske svidd frå dagene med 40+.













Merker at eg er sjukt språkforvirra nå. Ein ting er å snakke jærsk med familie og venner på skype, men då eg var med Helle som er frå Nord-Noreg, var eg bare veldig forvirra og snakka jærsk, stavangersk, bokmål og engelsk om kvarandre, haha.  Å skrive bloggen på nynorsk byrjar óg å bli ein utfordring, eg veitt godt at mykje av det eg skriv er grammatisk feil, men kan liksom ikkje be bothered me å fikse opp i det, haha.

Fant desse bildene på Instagram her om dagen, og synes dei gav meining, haha. Eg nyt godt av alle dei jille folka som har sendt meg noko godt anledning jul, hehe. 



 

Happy New Year!!!

Godt nyttår alle i samen (statistikken vise tre lesarar, så hallo til mor, farmor/farfar og mormor/morfar, haha).

Då var me inne i 2015, og countdown appen min viser 102 dager til eg setter føtene mine på norsk jord. Dette går altfor fort! Eg kjenner at om Explorius plutselig skulle bestemme seg for å utsette heimreisedatoen nokre dager, gjer det meg ingenting. Så lenge eg er heime til 17. mai, haha.

På nyttår reiste familien og eg til Normanville, kor naboane (Bob and Mandy, Joel 18år og Lauren 16år) nettopp kjøpte seg eit feriehus. Det er ein liten, koselig town nær kysten som stort sett er roleg, men som var livlig og full av folk på nyttår. Charlotte er i Gold Coast med ei vennine, så eg fekk uheldigvis ikkje gleden of her company, men ellers så hadde eg det koselig med gamlingane, Lauren og Matthew. 

Litt bilder frå stranda i Normanville...







Kvelden starta med at me spiste fish and chips. Så tok me med oss ein stol kvar, og gjekk eit par meter opp i gata for å sjå ein nyttårsparade. Etter paraden gjekk alle ned til stranda, kor det var musikk, tivoli, mat og god stemning. Elske at alle Aussies er så chill. Her var antrekka ekstreeemt casual, ingen bryr seg om koss du kler deg. Ei anna ting eg elske er at alle har kjølebag på hjul, hahaha! Alle drar rundt på ein kjølebag på hjul, for å få holdt ølå kalde. Kjempeløye! Då det nærma seg 22.00 sendte dei opp fyrverkeri, og etter det gjekk me i retning heim. Resten av kvelden satt me ute på terrassen, fyrte opp stjerneskudd, og gjekk inn å såg på tv-sendingen frå Sydney då det nærma seg midnatt. 



















Alt i alt var det ei veldig koselig nyttårsafta, men etter to år på rad med familiefeiring på nyttår, ser eg nok fram til å feire med venner neste år. For det å vere 17 år, og gå og legge seg klokkå 00.30 på nyttårsafta synes eg nok er på grensa til tamt, haha. 

I dag kjørte me heim ganske tidleg, og stoppa langs vegen for kaffi og bakverk..




I morgen skal det bli stinkin' hot, Charlotte kjem heim igjen (♥♥♥) og me skal på middag til nokon venner. Hurra for dette fine livet!

Då gjenstår det berre å seie godt nyttår og takk for det gamla!! Som farmor sa så fint på mail før nyttår: det er ikke lenge til vi kan si at i år kommer Grethe "him igjen!!!". Ååå, alle seier at tida på utveksling etter nyttår fyk avgårde. Eg vil ikkje heim! I dag fekk eg nødproviant i posten frå Kristin og Oddny (knekkebrød og snop), så eg kan liksom klare meg ei god stund, haha. 

Okei, la nettopp merke til at ein "redback" (kjempestor, giftig edderkopp) er i ferd med å lage spindelvev utføre vindauget mitt. Kan ver eg kjeme heim likavell, fyfillen!

Skrivest snart ja...

cairns og jul

Då er eg endelig heime etter to veker på tur. Eg har hatt det skambra, men det var godt å kome heim til senga mi óg. Tenkte eg skulle legge ut nokre bilete i frå turen min til Cairns, Far North Queensland og frå camping i Port Elliot, kor me feira jul.

I Cairns var me ei gruppe på åtte utvekslingsstudenter og ein leder. Me var fem frå Tyskland, ein frå Sør-Korea, ei frå Japan og meg. Første dagen utforska me og gjekk tur i regnskogen i Port Douglas i tillegg til å vere litt på ei strand. Dagen etter var det ein 17-åring som blei spist av ein hai den same plassen.Ups. Flaks det ikkje var meg.















To av dagene reiste me ut til the Great Barrier Reef, kor me fekk hoppe ut or båten og snorkla, i tillegg til dette valgte eg å betale litt ekstra for scuba diving. Det var litt stressande men mest av alt amazing. Blei litt stressa fordi du måtte sørge for å stabilisere øyrene etterkvart som du gjekk djupare ned i vatnet, viss ikkje kunne du ende opp med sprengde trommehinner. Noko eg var veldig lite gira på. Men mest av alt var det fantastisk og det føltest urealistisk å svømme blandt klovefiskane, korallreva, svære havskilpadder og reef sharks.









Me hadde óg ein dag kor me reiste rundt til alle dei forskjellige fossefalla i området. 





Me budde på eit hostel for ungdom, og brukte kveldane på å lage middag i samen, chille i bassenget og spele billiard. Det var mye program på turen, og eg blei ikkje lei meg når vmor ringte og lurte på om det var greit at me blei heime ei natt, før me reiste videre på camping på søndag. Resten av gjengen reiste ned tidligere på dagen lørdag, så vmor og eg fekk ei natt heime i ro og fred, haha.

Camping har vore veldig kjekt. To andre familier, venner av min vfamilie, kom og campa i samen med oss, og heile gjengen på 18 stk hadde ein fin tur. Det blei langt i frå så varmt som me hadde tenkt oss då. Nokon av dagene kjentest ut som sommer i Stavanger, men heller vind og overskya, enn 40+. For då måtte me ha søkt tilflukt i bilen med aircon på fullt. Me har stort sett tatt livet med ro. Utforska området på dagtid, og samlast i midten av telta på kveldstid. John, broren til vfar har kome på besøk til oss. Han har mange norske og svenske venner, så me har hatt det løye med å snakke norsk med kvarandre, mens ingen andre forstår haha.










Vsøs og eg fekk juleøyredobber i julesokken, haha. 





Christmas Day hadde alle på seg cheesy juleskjorter..






Det føltest ganske rart at den 24. des bare er ein normal dag her. Eg var litt sånn: "hallooo det e jo jul, kor e stemningå folkens? koffor e alle så Grinchen?" hehe. Derfor var ikkje stemningå heilt på plass hos meg heller på julaften. Me gjekk i det minste ut for middag på Christmas Eve så det var egentlig ganske ok. Og når alle våkna opp på Christmas Day, og alle andre var i julestemning, kom jammen meg christmas spiriten til meg óg. Været var med oss på morgonen så me fekk gått til stranda, men utpå ettermiddagen hølja det ned, og vinden var ganske kraftig. Eg synes egentlig dette var ganske morsomt, men alle dei andre på tur (alle er opprinnelig from the UK) har tydeligvis vore i Australia for lenge og synes dette var dumt. Julemiddag blei det uansett då. Og boxing day var det på tide å pakke ned og reise heim <3 god jul alle

cairns





Eg har kome meg til Cairns og har det amazing. Skal vere her til lørdag, så flyg eg heim til Adelaide og reiser rett på camping med familien over jul. I dag tidlig reiste med ut med båt for å sjå på the great barrier reef. Me stoppa to plasser med båten. Den første plassen dykka eg i 30 min, og resten av dagen snorkla eg. Ord kan ikkje heilt beskriva kor rått det var. Kjøpte meg eit lite eingongskamera som var vanntett, så gler meg til å sjå om eg fekk nokon gode bilete. Det var i hvertfall heilt urealistisk å svømma rundt med alle fiskane i alle slags farger og former, og gler meg allereie til fredag då eg trur me skal gjere noko av det same. Trur kje det blir noko meir blogginnlegg før jul, men me får sjå. Snakkes

Over halvveis

Hallo folkens.

No er eg allerede over halvveis i utvekslingsåret mitt! Det går kjempefort! 

Siden sist eg blogga har eg gjort litt diverse. Er ikkje så flink med å ta bilete for tida merker eg, men eg har nokre få eg kan vise fram.

Fekk ein litt forsinka bursdagspakke frå Sofie i sist veke, haha. Takk<3

Chilla med bassenget i hagen i samen med 3 venniner frå skulen sist torsdag.



Reiste til stranda for ein liten kveldstur, fredag..







Laurdag fekk med besøk av Eddie si tante&onkel + søkenbarn&mann, så på søndag kjørte me derfor up in the hills på jakt etter ein vingård, men me endte heller opp på Mount Lofty. 

Søskenbarnet + mannen reiste tilbake til Sydney på mandag, for dei måtte tilbake på jobb, men Eddie's tante&onkel blei her til i dag morges. Tysdag var eg hos Shona, ei vennine av meg. Og i går, onsdag, tok Eddie fri frå jobben for å ta besøket + Risako og eg til Hahndorf. Det er ein liten tysk by 40 minutt utenfor Adelaide. Den var kjempeliten og fin. Risako og eg rusla aleine i eit par timer før me tok turen heim igjen. 

Det var stor stas å finne norskeflaget, for i motsetning til Risako som finne japanske ting overalt, finn eg aldri noko norsk, haha. 

Denne søten kom forresten ruslande opp gata, då me var på vei ut for å ete i går kveld. Dei er ikkje så veldig ofte å sjå på vegen, så du får eit lite sjokk kvar gong, haha. 

Forann meg har eg mykje kjekt å sjå fram til. Reiser til Cairns i Queensland neste helg i saman med ein organisasjon for utvekslingselever. I følge medlemslista er det meg, ein koreaner, ein japanar, og ein heil gjeng med tyske. Så eg får øvd meg litt på tysken med det same. I Cairns skal me stort sett bare oppleve ting rundt byen. Me skal blandt anna dykke/snorkle i Great Barrier Reef, oppleve regnskogen, bade i fossefall, gå på krokodillejakt, og chille litt på stranda. Gler meg kjempemasse! Når eg kjem heim den 20/12, kjem Susan og henter meg på flyplassen. Då skal eg rett på camping med familien i Port Elliot, kor me blir til over jul :D

Skal prøve å ikkje la det gå altfor lenge til neste oppdatering.

Snakkes.

Sommerferie!!!

Då har denne frøknå endeleg sommerferie! 

Graduated Year 11 på torsdag, og har ferie til 27. januar, HURRA!


Ferien har starta med regn og torden, men samma det vell?  

Det blir med tidå 40+ i fleire veker i strekk, så eg nyte regnet.

Julestemning

Då var eksamensveka på skulen over, men har forsatt ein del arbeid igjen før eg kan ta skikkeleg ferie. På fredag var det marked i parken her kor me bur, "Moonlight Market". Ideén bak markedet er å vise fram små firmaer og foretninger som ligger i nærområdet, så der var alt frå mat, kaker, klede, leiker og diverse. Det var kjempekoseleg marked, men me var der berre ei lita stund i og med at det var 39 varmegrader, så alle var ganske slitne.



Lørdag stod me opp kjempetidleg for å reise inn til byen. Denne lørdagen er nemleg då juletida starter for skikkeleg i Adelaide. Det starta under depresjonen etter 1.verdenskrig at foretningane ville prøve å muntre opp befolkningen litt, så dei arrangerte ein parade før jul, med eit par flåter inspirert av Disney, og så kjem nissen til slutt. Dei har fleire og fleire flåter for kvart år, så paraden varer ei stund, eg trur me stod totalt ein time og såg på. Me måtte inn tidleg for å få ein plass langs vegen. Vmor fortalte at dei som får dei beste plassane ofte kjem klokka 05.30 på morgonen. Folk tar med seg tepper og campingstoler, og nokon tar og med seg eingangsgrill og lager frokost midt i vegen. Me kom inn klokka 07.30, og då var det allereie ganske fult. Ungane tar med seg kritt og teikner i vegen i timane før paraden faktisk kjem.

Me rigga oss til med frokost og kaffi, og venta i rundt to timer før paraden kom. 

Sjølve paraden var kjempekjekk. Var som ei blanding av 17.mai og jul, og for dei som kjenner meg godt veit jo at 17.mai (og jul forsåvidt) er LIVET!!! ♥ Så det var ei glad frøken som stod på sidelinja og nynna til korpsmusikken. Hadde bare lyst å hoppe i bunaden og hive meg ut i vegen for å gå i tog. Vmor og eg hadde litt mixed feelings begge to då. Eg, fordi då dei gjekk forbi og laga falsk snø, gjekk det opp for meg at eg ikkje får kjenne på kulden på over ett år. Vmor, fordi det med jevne mellomrom kom ein gjeng i kilt og spelte sekkepipe. Blei litt gira på jul når dei spelte julemusikk då. 

Nederst til høyre kan du sjå det einaste bidraget aboriginarane fekk bidra med. Fascinerande å sjå kor rolige alle blei då dei gjekk forbi (utanom vmor som stod og klappa og heia, haha), fordi dei er forsatt sett veldig ned på i samfunnet. Statsministeren, Tony Abbott, uttalte her om dagen at dei skal kutte ut ein heil del om aboriginarane i kompetansemåla i skulen "fordi dei følte det hadde vore så mykje fokus på aboriginarane, at dei ville heller fokusere på korleis britane slo seg ned". Det er ikkje den første ekle uttalelsen han har hatt. Får litt vondt i magen av den mannen. Synes det er veldig interresant å høyre om alle dei rare tinga denne regjeringa står for. Dei trur blandt anna ikkje på global oppvarming, haha.

I dag har me fått storfint besøk i frå Skottland. Vmor sitt syskenbarn har kome på besøk, og blir her eit par dager før hu fyk videre til Queensland, kor mannen hennar har familie. Eg må berre seie, for eit kvinnfolk! Ikkje berre hadde ho type i Stavanger i si tid, vurderte og flytte til Noreg ei stund, og utvikler mobilapper for a living, men ho har møtt J. K. Rowling opp til fleire gonger!!!! Vennina hennar er óg vennine med Rowling, så dei møtest med gjevne mellomrom. Så i tillegg til tatling om Noreg, har samtalen gått i ett om Harry Potter. Fordi me fekk besøk, gjekk me ut for å ete på restaurant i kveld.


Her var Charlotte og eg veldig gira på å ete ute. Me er derimot ikkje så gira på skule i morgon. TO veker igjen til ferie no!

Snakkes

PS:

Har høyrt rykter om at det er farsdag i dag. Hei far, håper du har det fint og sånt. Snakkes

Travelt

Hei til mor, farfar, Karen Elisabeth og alle andre som synes det er litt lenge siden sist oppdatering. I'm alive. Det skjer ikkje så mykje for tida. Eg er i siste term på skulen, og akkurat no er det siste innspurt før sommerferien. Neste veke er satt av til eksamener, så har eg 2 veker til, før eg får sommerferie. På dei tre resterende vekene eg har igjen i year 11 skal eg rekke over 4 skriftlege eksamener, ein muntleg eksamen, ein presentasjon, 5 innleveringer og ein prøve. Er på eit stadie kor eg har veldig lyst å bare slakke ned på skulearbeidet, men har altfor mange vurderinger igjen før eg kan gjer det, haha. Heldigvis har eg ein termin i year 12 neste år, kor eg kan jobbe meir med karakterane viss rapporten ikkje viser det eg ynskjer i slutten av dette året.

Med alt dette skulearbeidet prøver eg å pause litt innimellom. Blir ofte litt meir pause enn skulearbeid, hehe. I dag tok eg meg sjølv i å støvsuge, tørke støv, skifte sengklær og vaske vinduer på rommet mitt, fordi det virka mykje viktigare enn morgondagens historieeksamen, ups. Det har ikkje skjedd stort i det siste. Henger for det meste med vsøs, Charlotte. På tirsdag blei vfar, Eddie, 50 år. Han kom heim frå business-trip i Melbourne på kvelden. Då stod resten av familien, naboar og familevenner klar for feiring. 


Ho til venstre hugser eg ikkje navnet på, så kjem Synitha (vmor sin indiske venn), så kjem Mandy (nabo), og vmor.

Lauren (nabo), Risako, Joel (nabo) og vsøs Charlotte. Me drakk forøvrig ikkje øl, men cola som var på eit anna bord, hehe.

På fredag hadde eg food and hospitality heile dagen. Me laga mat til eit kunstgalleri som hadde åpning den samen ettermiddagen. Oppgåva var å lage finger-food, og mi gruppe laga cake-pops. Me var ferdig klokka 12, men ettersom eg hadde fritimer resten av dagen, og måtte vente til 14.30 før me kunne gå til galleriet, blei eg bare igjen på kjøkkenet og laga litt fleire ting som feks ei kake. Kom ikkje heim før klokka 17.30 på kvelden, og hadde ikkje hatt tid til å ete heile dagen. Kjentest ut som eg hadde hatt ei kjempetravel lørdagsvakt på Narvesen, men det føltest godt. Savner å ha ein jobb, haha. 

Eg stod for det meste for å steike cake-popsa mens ei anna i gruppa dekorerte dei. Kaka har eg laga toppen på, mens nokon medelever smørte krem på dei nederste laga. Dei sa seg fornøyd med resultatet i midten. Eg gjekk fint og spurte læreren om eg kunne sprøyte resten av kremen rundt kanten av kaka, for herlighet, det skal jo serveres til folk. Mye mulig eg er litt bake-påvirka av na mor, men det må jo se litt fint ut i hvertfall, haha. Kaka oppe i hjørnet blei resultatet til slutt.

I helga har Risako og eg for det meste vore heime åleine. Nabokona har sove her om natta, men har ikkje sett så mykje til ho, haha. Vmor og vfar reiste inn til byen på fredag, så kom Matthew, Charlotte og Eleanor inn på lørdag, det var i anledning Eddie sin 50-årsdag. Dei har alltid ein utvekslingsstudent eller to i huset, så dei har hatt ein velfortjent helg i byen som familie. Dei la igjen ein del cash til mat, så me har kost oss med take-away middag heile helga, haha. Nå skal eg begynne å lese litt igjennom psykologi, før eg skal skype med dei heime på Tu seinare. 

 

HAHA, Shona, ei av dei eg heng mest med, posta nettopp dette biletet på Instagram.



Tipper alle Norwood-studenter synes synd på seg sjølv denne søndagen. Eg tar det forøvrig ganske chill, hehe. 

Me skrivest snart.

slutt på ferie

Halla. No er internettet oppe å går sånn cirka som vanleg igjen, og tenkte derfor det sømde seg med eit blogginnlegg. På mandag begynner eg på skulen igjen etter to veker med ferie, og for å være ærleg er eg ikkje klar for det i det heile. Faktum at eg mista ein måned og vel så det av den norske sommerferien, begynner og kjennes, og eg er meir enn klar for sommerferie. Må dei neste 6 vekene gå fort, slik at eg kan chille i hagen og jobbe med brunfargen!

I ferien har eg for det meste slappa av og gjort lekser (!!!!), skulesystemet her er så sjukt lol (sorry for dårleg ordforråd), og det er heilt normalt å gje kjempemasse lekser i ferien, "cause you have plenty of time". Men eg har og fått klemt inn ein heil del andre kjekke ting, som eg kan skrive litt om.

Eg har:

Vore ute på sprell med venner..

Bakt rosinboller..♥



Vore på Drive-in og sett "planes"..

Vore på museum i byen, og paddleboata med Charlotte (vsøss) og Michelle (nabo)..


Feira ei indisk høgtid kalt "Onam", som tilhøyrer hinduismen..(vennina til vmor er indisk)

Vore i Gorge Wildlife Park, og mata kenguruer og holdt ein koala..

Har chilla mye med vsøss og bada i bassenget..

Vore på jentekveld til ei jente på skulen..

Endeleg hatt huset for meg sjølv♥ Skypa derfor med desse kjekke i 3,5 time (!!!!) me hadde mykje å tatle om kan du seie

No skal eg sjå til å få gjort ferdig psykologi-innleveringen min som er due monday, og så har eg tyskoppgåver og matteinnlevering som eg kan bruke resten av ferien på. Hurra. Neste termin kjem til å bli heftig, med innleveringer, prøver, presentasjoner og eksamener, så ikkje bli overraska om eg ikkje blogger før 20. november. Då får eg endeleg ein veldig etterlengta sommerferie♥

#utveksling

bloggoppdatering til mor

Våkna opp til Viber-melding frå mor med beskjed om at eg måtte blogge. Internettet er kjempedårleg for tida, så å legge ved bilder får eg ta ei anna gong. Men ja eg lever i beste velstående (velgående?) (kan ikkje snakke norsk lenger, ups) og alt det der. Snakkes

Bursdag og delfincruise

No var det ei stund siden sist eg hadde blogga, så tenkte det sømde seg med eit innlegg idag.

Sidan sist har eg vore på Adelaide Show nok ein gong, fordi Risako var på Kangaroo Island den første helgå, og fekk derfor ikkje vere med første gongen. Me to gjekk derfor i lag på lørdag sist helg. Det var forresten ei jente som datt ut av ein av karusellane og døydde på sjukehuset av skadane, på fredagen. Ho var berre 8 år og skulle ikkje ha vore på karusellen i utgangspunktet. Då eg fortalde det til mor, var ho glad for at eg hadde brukt alle pengene mine på karuseller helga før, og ikkje sist helg.

Ellers har eg hatt bursdag! Dagen var meget fin, og meget rar. Av mangel på ei mor og en far som kom syngande inn på rommet mitt med lys og gavar, måtte eg stå opp av meg sjølv. Det første eg gjorde var å snapchatta entusiastisk til alle mine venner heime om at eg hadde bursdag!! Fekk ikkje så mykje til svar, utenom Kristin, i og med at klokka var 23:40 heime..

Kristin bare: Du har kje bursdag før om 20 minutt her heima, og eg nekte og sei gratulera med dagen før det. 

Javell din "gledesspreder"...

Litt mutt valsa eg ned trappa for å få i meg frokost før skulen, og fekk i det minste ein bursdagsklem av vmor. Utover dagen begynte det å føles meir og meir ut som bursdag. På skulen fekk eg mange kjekke gratulasjoner, og Alaia, Shona, Aysha, Elise, Jacob og eg gjekk og spiste burger etter skulen.

Då eg kom heim frå skulen, venta det ikkje berre ein, men TO pakker på meg på stuebordet. 

Fekk sjokolade og dusjsåpe av farmor og farfar. Og diverse nødvendigheter som Candyking og leverpostei av na mor. Smågodtet gjorde meg i underkant av sentimental og det var borte på 1-2-3. Eg delte ikkje med nokon, hehe, ups.

På kvelden mekka vmor pizza til folket, og etter middag kom naboane over på besøk for bursdagskake. 

Fekk og nokon kjekke gåver. Av vfamilien fekk eg eit badehåndkle med det australske flagget, Haighs sjokolade, og eit bokmerke laga av eit blad frå eit eukalyptustre. Sidan eg likte så godt å lese, og slik at eg fekk "my very own piece of Straya". Sjokoladen her nede smaker forresten ringt, siden dei har så lite kakaobønner i den. Så viss du vil gi det som en oppmerksonhet til nokon, vil du gi fra Haighs siden dei har skikkeleg heimelaga sjokolade, men den er ganske dyr så du kjøper den liksom ikkje inn som lørdagskos. Fekk håndkrem og leppepomade av Risako, snop frå naboane, og eit kjempesøtt kort frå venninene på skulen.

I helga har eg berre chilla og gjort litt lekser. Såg film med Charlotte, Matthew og naboane i går kveld. I dag har me vore på dolphin cruise i Port Adelaide, for å sjå om me såg nokre delfinar. Det var ein ganske lang båttur, men me såg berre eit par delfiner. Brukte for det meste tida på å tatle og spise chips.

Etter båtturen satt me på med ei vennine av vmor, som og har ein utvekslingsstudent, siden vmor måtte reise direkte på jobb. På vegen heim køyrde me innom Krispy Kreme, som er ei eige fastfoodkjede som selg doughnuts. Den opna i Adelaide for 3 mnd sida, og det har eigentleg ikkje vore muligt å gå der før no. Tidligare har folk stått i kø i to timer for å få tak i doughnuts. I dag var der nesten ingen folk, og eg kan krysse Krispy Kreme av "to-do lista". Ikkje at eg eigentleg har ei "to-do liste" då men, hehe.



Etter at eg kom heim har eg utenom å spise middag, ikkje gjort stort mykje. Eg burde eigentleg gjere lekser, men i staden for har eg blogga, og sett ein 90 minutters debatt på VGTV om norske tenåringer. Føler meg produktiv. Motiverer meg sjølv med at om fem dagar har eg to veker ferie. Hurra for det.

Royal Adelaide Show

Denne veka har eg berre hatt tre skuledagar, og fekk dermed langhelg frå torsdag til søndag. Torsdag var det student-free day og fredag fekk me ein day off for at me skulle få muligheten til å gå på Adelaide Show, som er ein ganske stor ting her. Torsdag var eg på movie-night til Quang som blei 17 år. Dei kjem frå Vietnam, så mora hadde laga kjempegod mat, vårruller, nudler og diverse asiastisk <3 Dei fleste i min gjeng er forresten første, eller andre generasjons innvandrarar, trur kanskje det er sånn tre stykk som faktisk er født i Australia, haha. Men det er kjempekjekt då, får lære om maaange forskjellige kulturar. 

Eg har og skypa med desse fine, gode frøknene<3

På fredag fekk me som sagt ein fridag for å gå på showet, men sidan me ville gå på lørdag, brukte eg berre fridagen på å hjelpe vmor med ting som trengte å bli gjort i huset, og å gjere lekser. Fekk og pakke i frå mor <3

Lørdag var me ein heil gjeng som gjekk på Adelaide show ja.. Vanlegvis er det ei helg i året, men i år var det jubileum, så i år går det over to helger. Det er masse mat, karuseller for store og små, fireworks, store haller med boder du kan kjøpe forskjellige ting i, og bønder kan stille ut dyrene sine, og selge mat. Kort sagt, jærdagene bare tusen ganger større. Det er ganske dyrt å gå på showet, så vmor sa at mange barn pleier å få velge mellom å få gå på showet, eller å ha barnebursdag. Eller feks at alle pantepengene gjennom heile året går til barna, som dei kan bruke som lommepenger på showet. 

Elise er født i Australia, men er ein mix av mange snodige ting, som eg ikkje trur hu veit sjølv eingong, haha..

Elise, meg og Alaia ( kom til Australia for 9 år sidan, frå filipinene) <3

Meg og Shona (født og oppvokst i Cape Town, Sør-Afrika, men foreldre frå Australia truur eg) <3

Aysha (frå Sri Lanka) og Alaia (frå Filipinene) <3

Sånn ellers i gjengen så har me Vietnam, Malaysia, Iran, Japan, Thailand, Polen og masse anna forskjellig, haha. 

Me gjekk i eit Haunted House. Det fekk opp kvilepulsen kan du seie. 

Det var mange kjekke "rides" å gå på, eg var sjølvsagt med på dei villaste, som gjekk raskt, opp ned og høgt opp i lufta. Var såå fint å sjå heile byen opp ned på nattestid, haha. 

I dag skal eg gjere lekser, har to prøver, ei innlevering, og ein muntlig presentasjon i neste veke. Skulen her er ikkje så vanskeleg, men dei gjer sjukt mykje arbeid. Det blir litt kvantitet foran kvalitet på arbeidet, for dei starter nye oppgaver før me har fulført den første. Fekk terminrapporter sist veke, og det såg greitt ut, med B og A i alle fag, så det går tydeligvis bra då i hvertfall. 

See you soon..

 

Siden sist..

Hallo.

No var det ei stund siden sist eg har blogga. Fekk ein melding av mor om at eg gjerne kunne blogge i helga. Tok hintet, mor ;)

På skulefronten har eg sidan sist begynt på tyskkurs på kvelden, slik at eg slepp å ta det som privatist i tredje. Eg har droppa biologi, eg fann at det ikkje var vits i å legge ned så mykje arbeid, for eit fag som eg ikkje har tenkt å gå videre på. (Ikkje at eg har nokon som helst peiling på kva eg vil gå videre på då, men..) Eg kan forsatt gå til timene, for eg synest det er veldig kjekt. I tillegg har eg bytta matte, den eg hadde før, kunne eg ikkje gå videre på i year 12, så no har eg ein mykje enklare. Eg har dobbelt så mange fritimar som dei andre sidan eg tar tysk på kvelden, så skulekvardagen er meget grei.

Dette er ein liten del av den store grasflekken me har til bruk på skulen.

Torsdag i sist veke var me på "Beauty and the Beast" som skulen til Charlotte og Matthew satte opp, det var veldig bra! Lørdag i sist veke var me i den lokale kjerka på "game night". Naboen er pastor i den kjerka, så me var ein god blanding av ungdom og vaksne som spelte brettspel, det var og veldig bra!

Har skypa med desse kvinnemenneskene og...

Denne veka har eg mista bankkort, studentbevis, busskort, og kaffikort (mangla bare to stempel på gratis kaffi!), tredje eller fjerde gong på eit år at eg har mista alle dei tinga, hehe. Bare at heime har eg fått dei tilbake kvar gong, mens denne gongen trudde eg ikkje at det var sjangs til å få det tilbake. Så torsdags morgon ringte eg litt flau heim til na mor, for å spør om ho kunne sperre bankkortet. Eg trur eigentleg ikkje at ho vart sjokkert. 

Hadde fri på torsdag, og som følge av mista bankkort gjekk Risako og eg for å trøstespise pannekaker, og eg gjekk å tusla litt i byen etterpå.





I går fekk eg ei gladmelding frå vmor om at busselskapet hadde funne alle tinga mine! Trudde aldri det kom til å skje, og eg tenkte som mor sa sist gong eg mista alle tinga mine: eg har meir flaks enn eg fortjener.

I går var eg på avskjedsfest til ei som flytter til USA med familien sin. Var sjukt rart å sjå alle frå skulen i vanlege klær, ettersom me ser kvarandre i uniform kvar dag.


Straya Mate!!

I går opplevde eg for første gong at verda har blitt ein knøttliten stad. Ei vennine av meg kom springane bort til meg med ei anna jente som ho sa eg måtte hilse på. Mor hennar var halvt norsk, så ho kunne snakke litt norsk, og hadde vore i Noreg mange gonger. Eg spurte ho kor i Noreg ho kom frå, og forventa Trondheim eller Oslo eller noko sånt til svar, men så sa ho Stavanger! Så spurte eg ho nærmare kor mor hennar kom frå så svarte ho: KLEPP!!! Spurte ho om ho kjente nokon der i frå, som eg kanskje visste kven var. Så sa ho Marie Pallesen!! Ååå skulle seriøst hatt ansiktsutrykket mitt på film der! Eg gjekk på barne og ungdomsskule med Marie. Kva er oddsen for å møte ei random i Australia som kjem halvt i frå Klepp, og som kjenner dei same folka som meg. Det var heilt sjukt.

Måtte dokumentere og sende til Marie, haha!

Mot slutten av kvelden vart det mykje snått og tårer, og masse masse klemming. Iskalde meg stod på sidelinja og knaska popcorn og observerte galskapen. Eg rakk aldri å bli kjent med ho som flytter, men eg takka i det minste fint for meg, og ønska ho lykke til, haha.

Tattovering var veldig kjekt heilt til me kom på at me må skrubbe dei av igjen. Har forresten klippt av meg halve håret, men glemte å spør om frisøren kunne tynne det ut i tillegg, så trur eg skal gå tilbake å spør om ho kan gjere det og. 

 

I dag har eg malt det som skal bli ei pizzaeske. Me har om fastfood i mat og helse, eg lagar pizza, og må derfor lage innpakning. 

Eleanor og James:



Resten av helga skal eg gjere lekser, og sjå fram til onsdagskveld neste veke. Då har eg offisielt langhelg med bursdag og Adelaide Show på planen. Hurra for det og hurra for Australia.  

Chinatown og oppdagelsesferd.

På torsdag halt eg tale framføre heile skulen på skulens multicultural assembly. Det var veldig kjekt. Dei satsar veldig på å ta i mot utvekslingsstudentar og å sjølv sende elevane sine til land som Italia og Tyskland. Dei ville ha meg og ein student frå Spania til å snakke litt om kvifor me var her, korleis opplevelser me hadde sålangt, og litt forskjeller mellom Australia og heimland. Det gjekk veldig fint. Skulen hadde ein stor hall som dei tydeligvis bruker ein del når dei skal samle heile skulen. Her snakkar me stor scene med scenegardiner, og skulelogo og australsk flagg på begge sider av scenen. Det var litt annleis enn kantina på Sandnes Vgs. Heile seremonien blei og starta med nasjonalsangen.

fine uniformen ♥ (det er forresten ikkje eg som har teikninger og prinsessesko på rommet, det er Eleanor såklart).

Etter skulen tok ein gjeng meg med inn til byen for å ete lunsj, siden me slutter tidleg på tirsdagar og torsdagar. Dei tok meg med til Chinatown, kor me fant ein stor mathall med masse forskjellige asiatiske boder, med mat. Det var tydeleg at ein del av gjengen vanlegvis ikkje pleide reise inn til denne delen av byen. Ho eine var livredd for at foreldrene skulle sjå at ho var i byen og ikkje på veg heim frå skulen, haha, og ho andre ringte med ein gong heim til mor for å seie at ho var i Chinatown for å vise meg rundt. Me gjekk forbi ein mann, då Elise drog meg etter genseren for å gå fort forbi han. Eg satte opp eit ganske forvirra ansikt, og ho svarte: Those are the kind of people you want to avoid! Did you see his waterbottle? Well, it's not water! Denne naive nordmannen forsto brått at ho ikkje lenger var i gågata på Bryne, haha. 

Det rare er at Adelaide med sine 1,2 millioner innbyggjarar ikkje blir sett på som ein by eingong. Adelaide blir sett på, slik Sandnesgaukane og Siddisane ser på Bryne. Men Bryne bør absolutt ikkje undervurderast ! (eg sakner tydelegvis Narvesen). Derfor bør ikkje Adelaide bli undervurdert heller, haha. 

I dag har eg vore ute på oppdagelsesferd. Eg gjekk meg ein tur, då eg plutseleg såg eit skogsområde ved sida av meg. Det første eg tenkte var: tja koffor ikkje? Det første som møtte meg var:

Flaks slangene bare var farlege for hunden, og ikkje meg sjølv xD ;-Pp 



Fin skog.

Etter ei stund med tilfeldig valg av forskjellige stier, fant eg det litt vanskeleg å finne sivilisasjon.



Meeen med god retningssans fant eg fram, eg blei ikkje spist av slanger, og det gjekk bra til slutt. 

No gjenstår det å sjå om eg kjem til å lese historie idag. Hjernen seier ja, men hjartet seier nei (det er jo tross alt laurdag). Hmmmm.

(Meiner å hugse at det er ein sang som heiter "Listen to your heart").

xoxo

Knekkebrød <3 <3 <3

Saknet etter eit brød med frø blei for stort, og eg såg inga anna løysing enn å lage knekkebrød. Dei vart litt lysare enn når mor(♥) lagar dei, men det er fordi dei så og sei ikkje har noko anna enn kvitt mjøl her nede. Eg trudde eigentleg at eg skulle få ha dei for meg sjølv, men vertsfamilien elska dei, og det blir knekkebrødlunsj på alle mann i morgon. Hurra for knekkebrød og hurra for Australia.

Mount Lofty

Då var alle innleveringar og prøver gjennomført for denne veka, og i går ynskja Risako og eg fredagen velkomen med is ♥

I dag har Risako, vmor, Eleanor og eg vore på Mount Lofty, som er eit utsiktspunkt over byen. Det var litt overskya, men me fekk sett oss litt rundt, og tatt oss ein kaffi på toppen. Vegen opp var veldig smal og svingete, og eg kjende at eg sakna å øvelseskøyre sjølv. Ååå, det hadde vore kjempekjekt å køyre oppover dei vegane! Berre 9 måneder til eg er bak rattet igjen, haha!



Fine byen♥

Her har dei brent stammane på trea lenger oppe i fjella, for å hindre at skogbrann sprer seg på sommaren. Viss brannen kjem såpass langt opp i fjella, vil han ikkje spre seg for han vil ikkje ha noko til å brenne på. #unødvendigfunfact

Var ein kjekk turistbutikk på toppen, så eg fekk kjøpt meg klister til å ha på kofferten min:



Når me kom heim grilla me burgere til middag, som ekte australere :D Sjølv om det berre er Eleanor som er ekte Aussie i denne familien då.. 

Etter middag har eg vore med å køyre Charlotte på kino, berre for å sjå ei anna del av byen, før eg slang meg ned på sofaen framføre fjernsynet. Her har eg tilbrunge/tilbringt (???) resten av kvelden. Dei helgene eg har vore her, har eg ikkje gjort stort mykje. Dei eg er med på skulen seier det ikkje er så mykje å gjere i helgene enda, fordi det nettopp har vore vinterferie, og alle har eigentleg gått i vinterdvale. Då lo eg godt med meg sjølv, og tenkte at dei ikkje har peiling på vinterdvale, hehe..

I morgen skal Risako og eg til byen, før eg er klar for nok ei veke på skulen. Denne tidsforskjella lagar berre krøll i systemet. Kvar morgon når eg drar meg opp klokka 6, meir eller mindre motivert for nok ein skuledag, skal alle vener i Noreg akkurat til og leggje seg for natta. Og eg må seie eg er like sjalu kvar gong, haha. Ellers så har eg det utmerka, og livet er kult/rått/rart/kjekt/amazing. 

Jeans-day

Etter ein ganske skremmande melding frå mor på Viber, med beskjed om at ho ville sjå bilete frå Jeans-day, og at eg enten fekk godta ho på Instagram, eller blogge, ser eg ingen anna løysning enn å blogge litt.



Her er Risako og eg klar for Jeans-day. Me måtte bruke overdelen til skuleuniformen, sjølv om me slapp å bruke skjørtet. 

I går var me alle med i barneselskapet til Eleanor. Det fant sted på eit lekeland i nærleiken, som vsyster Charlotte jobber på. Kan ikkje forstå korleis ho greier lange vakter der kvar søndag. Me vaksne sat med eit bord og drakk kaffi i 3 timer, og eg var utslått når me kom heim. Og dette var tydelegvis ein ROLEG dag på "Wacky Warehouse". 


Me fekk i det minste gratis slush då, hehe :D


I dag har eg utforska nabolaget i saman med bikkja, og no skal eg gjere lekser. I neste veke har eg psykologiprøve, historie-, biologi- og mat og helse- innlevering. Fint liv. 

Eleanor 5 år!

I går blei vsyster, Eleanor 5år. Eg har trudd heile tida at ho fyller den 31. juli, men det var visst den 30., ups. Ho fekk gåver frå heile familien på morgonen, så vart det pizza (♥♥♥), kake, og nabobesøk på kvelden.

 

I dag kom det ei jente springande bort til meg medan me venta på bussen, og lurte på om eg ville stå under paraplyen med dei. Det regna hunder og katter, og eg vett ikkje kva det IKKJE regna. Det var allereie stappfullt under paraplyen, så eg svarte at eg kom frå Vest-Norge og at dette var heilt normalt for meg. Når me hadde venta på bussen i 10 minutter, og det regna like mykje ennå, måtte eg som den stolte vikingen eg er, snu meg rundt og hakke tenner i skjul til bussen ENDELEG kom! Det er ikkje mykje varme i skuleuniformen vår kan du seie. Derfor er eg lukkeleg og glad for at me i morgen skal ha "Jeans for Genes"-dag på skulen. Det er ein slags kampanje for veldedigehet, der dei forsker på ein slags sjukdom. Eg fekk ikkje med meg så mykje utanom at eg skal få gå med dongeribukse på skulen mot at eg betalar 1 dollar til veldedighet. Hurra!!! I utgangspunktet er eg veldig glad i skuleuniformen min, men akkurat no er det litt for kaldt for tynne strømpebukser og skjørt. 

 

Ellers må eg gratulere far med dagen i dag. Han fekk flybilett i gåve frå meg. Til eit land han alltid har hatt lyst til å besøke. Heldige han ;) Det er ein lang tur, så han fekk med yndlingsmaten i bagasjen. Grifo hilser farvel. Han kjem sikkert til å savne far voldsomt, stakkar. Ynskjer masse god tur til gubben!



Snakkes snart.

James og Netball

Dei siste dagane har eg byrja å gå tur med hunden vår, James, eller rettare sagt går han på tur med meg. Det er mykje krefter i den bikkja. Me utalar det som Shames, sidan vertsforeldrene mine er frå Skottland, så av og til når han ikkje er flink, blir det sjølvsagt til Shameless. Det er forresten kjempekult at dei har skotsk aksent, føles ut som om eg lever i ein Harry Potter-film. 

Han har hatt ein operasjon i ryggen, så han ser mildt sagt stygg ut. Eg ville ut å gå ein kveld, då det var mørkt. Då lurte vmor på om ikkje eg kunne ta med meg hunden, for då følte hu seg tryggare, sidan han ser så stor og stygg ut, haha!

I går var eg med nabokona på netball-kamp for å sjå på når dottera spelte. Det var på ein måte som basketball, berre med mindre kroppskontakt. 

Draktene deira er bittesmå kjoler :O Eg og nabokona rigga oss godt til på sidelinja i campingstolar. Ho fann fram kaffi og kjeks. Ho spurte meg korleis eg ville ha kaffien min, berre vanleg kaffi, svarte eg. Då svarte ho: er du sikker? Den er ganske sterk? Og oppi koppen kom den mest utvatna og "jesne" kaffien eg nokon gong har sett. Då visste eg ikkje om eg skulle le eller grine. 

På kvelden hadde me naboungane filmkveld heime hjå oss, medan dei vaksne samla seg i nabohuset for å tatle og drikke vin. 

Sånn ellers så går det fint. Eg er ferdig med den første veka på skulen, og har blitt introdusert med Risako sin vennegjeng, som verka veldig snille. Trur eg skal stele hennas venner, i staden for å finne meg mine eigne, haha. Dei fleste faga eg har vald, verker OK. Eg har vald psykologi, matte, biologi, matlaging, og historie. I psykologi ligg eg to kapitel bak, så dei må eg lese før prøve på torsdag, og i matten ville eg berre grave meg eit hol i bakken og bli der. Satsar på det blir betre etterkvart, haha. No skal eg til byen med Risako. Snakkes.

Meir Koala

Fekk låne ein adapter av vertsmor. Så no kjem eit skikkeleg innlegg. Wuhuuu alle bloggfans gleder seg xD :-PpP

Som sagt såg eg min første Koala i går. Vmor og eg var på veg ned til supermarkedet, då me såg ein koala kom labbande nedover gata. Vmor sa til meg tidlegare at eg sannsynlegvis ikkje ville sjå ein før våren kom, sidan dei trakk seg litt tilbake på vinteren. Så eg fekk litt sjokk når det plutseleg kom ein labbande nedover gata. 

Søten <3

 

I dag var eg på informasjonsmøte på skulen, og i morgen begynner eg på skikkelig. Eller, eg skal følge etter ein "buddy" på deiras skuledag, så får eg min eigen timeplan neste veke. Etter informasjonsmøte kjørte me til ei vennine av vmor for å drikke te, eller for min del kaffi. Ho budde ganske langt oppe i fjella, og hadde ein kjempefin utsikt over byen.

Du kan såvidt sjå ein skyskrapar litt til venstre i biletet. Det er på ein måte hjarta av byen, så er områda rundt "suburbs", kor folk bur. Heilt i horisonten er sjøen. Avstandane her er mykje større enn eg trudde, så eg er glad eg har eige badebasseng i hagen, for det hadde toke si tid å reist til stranda kvar dag. 

Koala

I går såg eg min første koala. Det var kult. Eg blogger frå mobilen, fordi pc-ladaren ikkje vil gå i adapteren. Snakkes når eg har kjøpt ein ny ladar.

Jetlag

No blogger eg eigentleg berre for å halde meg vaken og opptatt med noko. Det blei vanskelegare enn eg trudde å venne seg til ei ny tidssone. Om kvelden er eg vaken, og heile føremiddagen er eg trøytt. I dag var me på kino kl 11.35, for å sjå Rio 2, eg sov litt i skjul.

Føler meg litt slik.

Ellers er det kjempekaldt her, og eg skylder det på mor, at eg ikkje har noko varmere enn dongerijakke. Takk, mor.

Still in love with Australia, tho

Snakkis

Framme i Australia!

No er eg framme i Australia, og har endeleg fått wifi, hehe. Turen var lang, men ellers ikkje så aller verst. Eg fauk/flydde/fløyg (???) Sola-København-Dubai-Adelaide. I København møtte eg dei andre studante som og skal på utveksling til Australia. Turen frå København til Dubai trur eg er den beste flyturen eg har vore på nokon gong. Flyet hadde kjempemange ledige plasser, så dei fleste av oss hadde to seter for oss sjølv. Når det blei natt var det stjernehimmel i taket, me fekk god mat, og dei hadde godt utvalg av filmar på tv-en. Eg hadde disney-maraton med meg sjølv, og såg Tarzan og Peter Pan. 



I Dubai åt me Burger King og spelte kort fram til turen gjekk vidare til Adelaide. Me var ikkje like heldige denne gongen, då flyet var fullbooka, og nesten ingen av oss studentar fekk sitje i saman. Eg sat med ei mor, og ein liten gut på ca. 1 år, frå Kenya. Det var koseleg når guten sov, ellers OK. 

Då eg kom til vertsfamilien var det ganske seint, men eg fekk helsa på alle utanom vertsbror, Matthew som hadde gått og lagt seg. I dag skulle me eigentleg ut å kjøpe skuleuniform. Me reiste i saman med ei vennine av vertsmor som hadde en student frå Kina. Me var litt seint ute, og sidan Kina og eg skulle gå på forskjellige skular, hadde dei ikkje begge sin uniform i same butikk. Då prioriterte me at Kina fekk skuleuniform, sidan ho hadde oppstart på mandag, mens eg ikkje byrjar før på tirsdag.



Dette er rommet mitt, og det er kjempesøtt <3

Ellers er familien meget grei, alle er greie, eg har det fint. 

Vertsfamilie!!!

Fredag i sist veke ringte eit ukjent nummer med unormale tal på telefonen min. Det første eg tenkte var: no får eg vertsfamilie! 

Eg fekk beskjed av Explorius om at eg skal bu saman med vertsmor Susan og vertsfar Eddie, i saman har dei tre barn, Charlotte 15år, Matthew 13år, og Eleanor 5år. I tillegg til dette har dei allereie ein japansk utvekslingsstudent, Risako, som er født i 1995. Eg fekk beskjed om at dei budde i eit stort hus, med badebasseng og trampoline. Dei hadde og piano og trommer tilgjengeleg. Ikkje at det er så veldig relevant for meg, men kven veit, kanskje kjem eg heim i april som den nye Yiruma. 

Eg har fått eit par bilete av vertsfamilien, men eg våger ikkje bruke dei, sidan eg ikkje har spurt om det er greitt. 

 




 

 

Exchange Challenge

Kor skal du reise på utveksling? 

Eg skal reise til Australia.

Kvifor ein organisasjon reiser du med?

Eg reiser på Select-programmet til Explorius. Underorganisasjonen min er SAGS.

Kor kunne du aller helst tenkje deg å ende opp? 

Sidan eg reiser på Select-programmet, så veit eg allereie at eg skal til Adelaide, South Australia.

Har du fått vertsfamilie eller gjort stats/regionsvalg? 

Eg har ikkje fått vertsfamilie enno. Eg har heller ikkje gjort eit stats/regionsvalg i og med at Select-programmet til Explorius kun er i Adelaide.

Skal du på forberedelsesleir?  

Nei, det skal eg ikkje. Viss du reiser på vanleg program kan du få vere med på forberedelsesleir i Sydney, men me som reiser på Select, reiser ned litt seinare enn dei andre, og har dermed ikkje tid.

Kva gler du deg mest til? 

Det er mange ting eg gler meg til. Blant anna å få gå med skuleuniform, treffe nye vener og få ny familie, ha 2 mnd sommerferie når det er vinter her heime, oppleve High School i utlandet, og generelt bare leve i ei anna kultur.

Kva gruer du deg mest til? 

Gruer meg veldig til å sei hadet til familier og vener her heime. Ellers gruer eg meg ekstremt mykje til 1. skuledag i Australia. Ser berre føre meg Mean Girls, og at eg ender opp med å ete lunsjen min aleine på do. Hahaha. Det går seg forhåpentlegvis til etter kvart.

Kunne du tenke deg å prøve ein ny sport? 

Ja, eg kunne godt tenkje meg å prøve ut volleyball. Eg liker veldig godt å spele det her heime, med vener, berre sånn useriøst. Så eg hadde satsa på å få vere med på eit av dei mindre seriøse laga, haha. 

Kva trur du du kjem til å sakne mest?

Familie, vener, beste Klepp Stasjon, pus og grovt brød.

Skal du på ein arrangert tur med organisasjonen? 

Har ikkje planlagt noko tur enno. Men satsar på at vertsfamilien vil ta meg med og vise meg litt rundt i sommerferien. Eg håper på ein tur i "outbacken", og langs øst-kysten. Snorkling i Great Barrier reef og sånt.

Fire steder du kunne tenke deg å besøke i landet ditt. 

Sydney, Uluru, Bondi Beach, og store deler av Queensland.

Trur du dette blir eit bra år? 

JA! 

Les mer i arkivet » April 2015 » Mars 2015 » Februar 2015
hits